familie av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Dunsongarfamilien, Macrosphenidae, på engelsk kalla 'African warblers', er ein biologisk familie av sporvefuglar som nyleg er skildra. Dei fleste av artane var tidlegare plassert i songarfamilie Sylviidae, sjølv om ein art, steinhoppar, Achaetops pycnopygius, sist var plassert saman med klippehopparar.[1] Ei rekkje molekylære studiar av songarar og andre fuglefamiliar i superfamilien Sylvioidea, som òg inkluderer lerker, svaler og meiser, fann at afrikanske songarar ikkje var ein del av familien Sylviidae, men i staden ei tidleg basal linje til heile kladen Sylvioidea.[2][3]
Dunsongarfamilien | |
Kanelbukstumpsongar, Sylvietta rufescens Foto: Alan Manson | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Underorden: | Passeri |
Familie: | Dunsongarfamilien Macrosphenidae Wolters, 1983 |
Afrikanske songarar lever i ei rekkje habitat i Afrika sør for Sahara. Desse spenner frå primær regnskog til skogbryn og ope skogsterreng leveområde for dunsongarane, skogkledde savanne å torekratt og buskas for sumpsongarane, tørre steinurområde og grassletter for steinhopparen, og grassletter for skjeggsongaren og stråsongaren. Familien er i det meste ikkje-vandrande, sjølv om både skjeggsongaren og savannestumpsongaren gjer nokre meir avgrensa rørsler i Vest-Afrika i samband med regntida.[4]
Afrikanske songarar varierer i storleik frå mindre sumpsongarane, som måler 8 cmi lengd og veg så lite som 6,5 gram, til stråsongaren, med 19-23 centimeter i lengd og skjeggsongaren som veg 29-40 gram. Det er stor skilnad i utsjånad mellom slektene, til dømes har stråsongaren, skjeggsongaren og fynbossongar har lange utvaksne halar, medan sumpsongarane har halar som knapt strekkjer seg utover haledekkfjørene og dei folda vengespissane.[4]
Afrikanske songarar er insektetarar, og tar ei rekkje insekt som byttedyr. Dunsongarane og sumpsongarane beitar i trekroner og i buskar, anten som einslege eller parvis, og nokre gonger i små grupper, medan andre artar er meir bakkenære i leveviset. Der to artar deler utbreiingsområdet, slik som med ruststumpsongar og kanelbukstumpsongar, oppstår nisjepartisjonering, med éin art som beitar høgt i trekronene og den andre arten som beitar lågare ned i buskar og tre. Nokre artar av både dunsongarar og sumpsongarar har vore observert som deltakarar i fleirartsflokkar.[4]
Hekkinga skjer sesongmessig, og er vanlegvis tidfesta til å falle saman med slutten av den tørre sesongen og byrjinga av regntida, blant artar med store område kan dette føre til monaleg variasjon med omsyn til nøyaktig timing. Det manglar informasjon for mange artar, men for dei som har vorte studerte, ser ein at afrikanske songarar er territoriale og monogame. Utforming av reiret varierer innanfor familien, sumpsongarane konstruere djupe lommeforma reir som hengjer ned frå ei grein, medan fynbossongar, stråsongaren og skjeggsongaren konstruere koppfoma reir voven av gras.[4]
Størstedelen av artar i denne familien blir rekna å vere ganske sikre, og er oppførte med status livskraftig av IUCN. Ein art, bengueladunsongar, er oppført som truga. Arten er endemisk for skog funnen på bratte åssider i Vest Angola, eit habitat truga av avskoging og spreiing av rydding og brenning i landbruket, og bestanden er rekna å vere mindre enn tusen og er enno minkande. Ein annan potensiell bekymring gjeld ein underart av kvitbrynstumpsongar. Statusen til dette er usikker, sidan konfliktar har hindra undersøkingar i leveområdet, men han kan vere utrydda.
Dunsongarar Macrosphenidae i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.1, 2021,[5] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[6]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.