From Wikipedia, the free encyclopedia
And (fleirtal ender) er ei fellesnemning for ei rekkje fugleartar i andefamilien. Dei representerer ikkje ei monofyletisk gruppe, men er delar av eit takson sidan svaner og gjæser ikkje er ender. Ender flest har habitat knytt til vatn, enten ferskvatn eller sjøvatn, og dei er mindre enn svaner og gjæser. Gruppa inneheld om lag 128 artar i 39 slekter.[1] Skilet mellom and og gås er uklårt, eit kriterium kan vere at ender har ein symjelapp på baktåa som gjæser manglar.[2] Ender finst over det meste av verda unntatt i Antarktis.
I daglegtale kan and nyttast som ei generell nemning for tam stokkand.[2] Andre vassfuglar som lommar, dukkarar og rikser blir somme tider forveksla med ender, men ingen av desse gruppene er i slekt med ender.
Andrik og andstegg er termar for vaksne hannfuglar av ender.[3]
Andrikar av mange nordlege artar har to fjørdrakter som dei vekslar mellom kvart år:
Dei sørlege artane har vanlegvis mykje mindre kjønnsdimorfisme, men med eit unntak maorirustand på New Zealand kor kjønna har ulike drakter og hofuglen er den med lysaste fjørdrakta. Også for denne arten har ungfuglar ei drakt som liknar på drakta til hofuglar.
Nokre omgrep for inndeling av ender, alle er upresise:
Ender har relativt lang hals, men ikkje så lang som hos gjæser og svaner. Kroppsforma hos dukkender kan vere meir avrunda enn hos grasender. Grasender ligg dessutan høgare i vatnet og har lettare for å gå rett opp i lufta når dei tar til flukt.[3] Nebbet hos grasender er vanlegvis breitt og inneheld tagga lamellar, spesielt utvikla hos arter som filtrerer mat ut or vatnet. Hos nokre fiskender er nebbet langt og kraftig tagga. Beina er sterke og godt utvikla, og generelt festa langt bak på kroppen, spesielt hos dei mest akvatiske artane. Vengene er kraftige og er generelt korte og spisse med lita bereevne, og flyging krev raske og kontinuerlege vengeslag, som i sin tur krev sterke vengemusklar. Tre artar av skovleender, Tachyeres, har ikkje flygeevne, den fjerde arten, patagoniaskovleand, er ein dårleg flygar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.