Duetrast
art av sporvefuglar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Duetrast eller duetrost er ein fugleart i trastefamilien som finst i store delar av Europa, Asia og Nord-Afrika. Han er standfugl i sørlege delar av leveområdet, men dei nordlege og austlege populasjonane trekkjer sørover om vinteren.
Kjappe fakta
Duetrast | |
Duetrast | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig ██ Hekkande sommargjest ██ Standfugl ██ Vintergjest (områda er omtrentlege) | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Eupasseres |
Familie: | Trastefamilien Turdidae |
Slekt: | Turdus |
Art: | Duetrast T. viscivorus |
Vitskapleg namn | |
Turdus viscivorus |
Lukk
Fuglen er ein stor trast med lys gråbrun overside, gråkvit hals og svarte flekkar på den svakt gule undersida. Dei to kjønna har lik fjørdrakt, men berre hannfuglen syng melodisk. Duetrast har tre underartar med små skilnader imellom seg.