![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/36/Dravidische_Sprachen.png/640px-Dravidische_Sprachen.png&w=640&q=50)
Dravidiske språk
språkfamilie i Sør-Asia / From Wikipedia, the free encyclopedia
Den dravidiske språkfamilien inkluderer om lag 26 språk som blir brukt av meir enn 200 millionar menneske. Dravidiske språk finst hovudsakleg i sør-India og Sri Lanka, men ein finn også nokre i sentrale og austlege delar av India, Pakistan og Nepal.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/36/Dravidische_Sprachen.png/640px-Dravidische_Sprachen.png)
Den dravidiske språkfamilien har ikkje klart slektskap med andre språkfamiliar. Mange kjennemerke minner ein om uralske og altaiske språk. Nokre lingvistar har prøvd å visa at dei har noko slektskap, men dei fleste meiner berre at dei hadde kontakt med kvarandre ein gong. Folk har også prøvd utan suksess å visa slektskap med japansk, baskisk, koreansk, sumerisk, australske aboriginarspråk og språket til den gamle indussivilisasjonen.
Dei største moderne dravidiske språka er tamil, telugu, kannada og malayalam. Brahui, brukt i Pakistan, er det einaste dravidiske språket som berre er brukt utanfor India.