dansk forfattar From Wikipedia, the free encyclopedia
Dorrit Willumsen (fødd 31. august 1940 på Nørrebro i København) er ein dansk forfattar. Ho debuterte i 1965 med novellesamlinga Knagen og har sidan fått utgjeve ei rekkje romanar, dikt- og novellesamlingar.
Dorrit Willumsen | |
Statsborgarskap | Danmark |
Fødd | 31. august 1940 (83 år) Nørrebro, København |
Yrke | skribent, manusforfattar, romanforfattar, lyrikar |
Språk | dansk |
Ektefelle | Jess Ørnsbo |
Det eigentlege gjennombrotet fekk Willumsen med romanen Marie frå 1984. Romanen handla om livet til Madame Tussaud og dei kostnadane kunstnarvirket kan ha for kjærleikslivet.
I 1986 utkom ei sjølvbiografisk erindringsbok kalla Suk hjerte.
Romanen Klædt i purpur, som kom ut i 1990, vart seinare omarbeidd for teater. Høyrespela Ud af billedet og Så længe smerten er usynlig kom ut i 1992.
I 1997 vart ho tildelt Nordisk Råds litteraturpris for Bang: en roman om Herman Bang. Sidan 1980 har ho fått kunstnarløn frå den danske staten..
Willumsen har sidan 1963 vore gift med lyrikaren Jess Ørnsbo. Saman har dei sonen Tore Ørnsbo som også er lyrikar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.