From Wikipedia, the free encyclopedia
Donetsbekkenet (ukrainsk Донецький басейн, Donetskyj baseyn; russisk Донецкий бассейн, Donetskij bassejn), ofte berre kalla Donbass (russisk Донбасс; ukrainsk Донбас, Donbas), er eit historisk, økonomisk og kulturelt område aust i Ukraina. Opphavleg var det eit kolgruveområde og det har blitt eit kraftig industrialisert område som slit med urbant forfall og industriforueining.
Donbass dekkjer dei tre administrative oblasta (provinsar) aust i landet: den austlegaste delen av Dnipropetrovsk oblast kring byen Pavlohrad (det såkalla Vest-Donbass), nordlege og sentrale delar av Donetsk oblast (sørlege delar vert rekna som ein del av kystområdet Prjazovia) og sørlege delar Luhansk oblast (nordlege delar vert rekna som ein del av Slobozjanstsjyna). Byen Donetsk vert rekna som den uoffisielle hovudstaden i Donbass.
Stundom vert Rostov oblast i Russland rekna som ein del av Donbass. Dette kjem av at kolområdet i Doentsbekkenet geografisk strekkjer seg inn i dette området (som òg er eit kolguveområde), stundom kalla Russiske Donbass.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.