![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/e7/Don_Quarrie.jpg/640px-Don_Quarrie.jpg&w=640&q=50)
Don Quarrie
From Wikipedia, the free encyclopedia
Donald O'Riley Quarrie, kjend som Don Quarrie, (fødd 25. februar 1951) er ein jamaicansk tidlegare friidrettsutøvar frå Kingston. Han vart olympisk meister på 200 meter i 1976 og vann elles to OL-sølv og ein OL-bronse i tida 1976-84.
Don Quarrie | |
Statsborgarskap | Jamaica |
Fødd | 25. februar 1951 (73 år) Kingston på Jamaica |
Idrett | friidrett |
Tok del i | |
Utmerkingar |
Quarrie var kvalifisert til Sommar-OL 1968 i Mexico, men ein skade hindra deltaking. Året etter fekk han studiestipend ved University of Nebraska og flytta til USA. Under samveldeleikane 1970 i Edinburgh vann han både 100 m og 200 m, og som ankermann på Jamaicas lag i 4 x 100 m stafett tok han si tredje gullmedalje i leikane.
I 1971-sesongen forbetra Quarrie den personlege rekorden på 100 m til 10,1 sekundar. Meir imponerte han på 200 m med fyrst personbeste på 20,2, og særleg då han vann begge sprintdistansane under dei panamerikanske leikane i Cali i Colombia. Vinnartida hans på 200 m, 19,8 med manuell tidtaking, var årsbeste i verda og tangering av Tommie Smith sin verdsrekord. Den uoffisielle elektroniske tida, 19,86 sekundar, var den nest beste nokon gong. Året etter deltok Quarrie på 200 m under Sommar-OL 1972 i München, men braut semifinalen etter muskelstrekk.
Quarrie forsvarte i 1974 sine meistertitlar på 100 m og 200 m under samveldeleikane i Christchurch. I 1975 tangerte han verdsrekorden på 200 m for andre gong, og året etter tangerte han med tida 9,9 også den manuelle tidtekne verdsrekorden på 100 meter. Under Sommar-OL 1976 i Montréal tok han fyrst sølv på 100 m, etter å tapt for Hasely Crawford med eitt hundredels sekund. På 200 m heldt derimot Quarrie unna for alle konkurrentane og vann OL-gull med tida 20,22.
Under samveldelekene i 1978 vann Quarrie sin tredje 100-metertittel på rad, men vart slått ut på 200 m etter å ha fått krampe. To år seinare tok han seg til OL-finalen på 200 m i Moskva og vann bronsemedaljen, eitt tidels sekund bak gullvinnaren Pietro Mennea frå Italia.
Quarrie deltok i 1984 i Sommar-OL for fjerde gong og sikra seg si fjerde OL-medalje då han som ankermann sprang Jamaica inn til sølv i 4 x 100 m stafett, slått einast av USA.