![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/59/Doggerbank.jpg/640px-Doggerbank.jpg&w=640&q=50)
Doggerbank
From Wikipedia, the free encyclopedia
54°43′N 2°46′E Doggerbank (engelsk Dogger Bank, tysk Doggerbank, dansk Dogger banke), Doggerbanken eller berre Dogger er ei grunne i Nordsjøen som ligg rundt 100 km aust for Nord-England. Ho er rundt 260 km lang, opptil 97 km brei og har ei flatevidd på 17 600 km². Ho er den største sandbanken i Nordsjøen, og har eit rikt dyreliv.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/59/Doggerbank.jpg/640px-Doggerbank.jpg)
Doggerbanken er rundt 20 meter høgare enn havbotnen rundt, og har i vestenden, på sitt grunnaste, ei djupne på 15 meter.
Storbritannia, Danmark, Tyskland og Nederland deler rettar til Doggerbanken. I høve til andre fiskeområde ligg Doggerbank sør for Fladengrunn og vest for Tyskebukta. Namnet skal koma frå dogger, ein gammal nederlandsk fiskebåt som særleg blei brukt til å fanga torsk.