Dnipro (ukrainsk skrift Дніпро), tidlegare Dnepropetrovsk og før det Jekaterinoslav/Katerynoslav,[2] er den fjerde største byen i Ukraina med ein million innbyggjarar.[3][4] Han ligg ved Dnepr, søraust for den ukrainske hovudstaden Kiev, sør i det sentrale området av landet. Dnipro er det administrative senteret i Dnipropetrovsk oblast (provins).

Denne artikkelen handlar om byen. For elva som heiter Dnipro på ukrainsk, sjå Dnepr.
Kjappe fakta Land, Oblast ...
Dnipro
ukrainsk Дніпро, russisk Днипро
by
Thumb
Thumb
Flagg
Thumb
våpen
Kallenamn: Dnipro
Land  Ukraina
Oblast Dnipropetrovsk oblast
Bykommune Dnipropetrovsk
Høgd 155 moh.
Koordinatar 48°27′0″N 34°59′0″E
Areal 405 km²
Folketal 1 001 612  (2011)
Folketettleik 2 473 / km²
Grunnlagd 1776
Borgarmeister Ivan Ivanovytsj Kulitsjenko[1]
Postnummer 49000
Retningsnummer +380 56(2)
Thumb
Dnipro
48.4675°N 35.04°E / 48.4675; 35.04
Thumb
Wikimedia Commons: Dnipro
Nettstad: gorod.dp.ua
Lukk

Dnipro er eit viktig industrisenter i Ukraina og var eit av dei største sentera for atomkraft, våpenindustri og romfart i det tidlegare Sovjetunionen. Her låg Juzjmasj, eit stort designbyrå og produsent av ballistiske missil. På grunn av den militære industrien var Dnipropetrovsk ein lukka by fram til 1990-åra.

Andre namn

I 1917 fekk Jekaterinoslav namnet Sitsjeslav av Den ukrainske folkerepublikken, men ein gjekk attende til det gamle namnet alt i 1919.[5][6]

Namneendringar

  • Jekaterinoslav 1776–1782, gjenoppretta 1783–1797
  • Novorossijsk 1797–1802
  • Jekaterinoslav 1802–1917
  • Sitsjeslav 1917–1918
  • Jekaterinoslav (russisk skrift Екатеринослав), Katerynoslav ukrainsk Катеринослав, 1918–1926
  • Dnepropetrovsk/Dnipropetrovsk (russisk skrift Днепропетровск). 1926 til 2016[7]

Geografi

Thumb
Flyfoto av Dnipropetrovsk. Dnepr renn gjennom byen og fleire bruer kryssar elva i byen.

Byen ligg på begge sider av Dnepr, ved ein stor sving der elva endrar retning frå nordvest og held fram sørover i Ukraina.

Klima

Om sommaren er Dnipropetrovsk varm (i juli 24-28 °C, og stundom 32-36 °C). Vinteren er kald med temperaturar i januar kring -4 til 0 °C, men når det ikkje er snø og vinden blæs kraftig, kjennest det særs kaldt.

Klimaet er kontinentalklima og vintrane kan stundom verte særs kalde, ned mot -15 °C og om sommare særs varm (opp mot 40 °C).[8]

Meir informasjon Vêrdata for Dnipropetrovsk, Jan ...
Vêrdata for Dnipropetrovsk
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 12,3 17,5 24,1 30 36,1 37,8 39,8 40,9 36,5 32,6 20,6 16,3 40,9
Gjennomsnittleg maks °C −1 0 6 15,2 22,1 25,6 28 27,4 21,5 13,8 5,2 0,2 13,7
Døgnmiddeltemperatur °C −3,7 −3,4 1,8 9,6 16,1 19,8 22,1 21,4 15,5 8,9 2 −2,3 9
Gjennomsnittleg min °C −6,1 −6,3 −1,6 4,9 10,6 14,6 16,7 15,8 10,7 5 −0,5 −4,7 4,9
Lågast målte °C −30 −27,8 −19,2 −8,2 −2,4 3,9 5,9 3,9 −3 −8 −17,9 −27,8 −30
Gjennomsnittleg nedbør mm 45 43 43 38 42 60 54 43 41 37 46 47 539
Gns. dagar med regn 9 8 10 13 13 13 12 9 10 10 12 11 130
Kjelde: Pogoda.ru.net[9]
Lukk

Historie

Byen vart grunnlagd 1776 av Potjomkin. Han skulle vere midtpunkt for dei områda som var erobra som eit resultat av den endelege underlegginga av dei ukrainske kosakkane i 1775 (storminga av hovudsetet deira Zaporizjzjia Sitsj), og sigeren mot Det osmanske riket i den russisk-osmanske krigen 1768–1775.

Byen fekk namnet Jekaterinoslav til ære for Katarina II av Russland. Han vart omdøypt til Dnepropetrovsk 1726 (seinare Dnipropetrovsk). Byen opplevde ein sterk vekst etter bygginga av Dneproges-dammen i 1932.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.