Digital lyd
From Wikipedia, the free encyclopedia
Digital lyd eller digital audio er eit omgrep som vert nytta om prosessering, lagring og distribusjon av lydmateriale på digital form. Digital lyd stammar frå 1970-talet, då ein tok til å eksperimentere med å konvertere analoge lydsignal til sekvensar av binære tal for å kunne handsama dei med datamaskiner og lagre dei på tape på binær form. Utstyr for digital lyd var opphavleg svært kostbart og vart berre nytta i profesjonell samanheng. Det var fyrst då kompaktplatene kom på marknaden fyrst på 1980 at folk flest vart kjent med digital lyd.