Det tredje riket

From Wikipedia, the free encyclopedia

Det tredje riket

Det tredje riket (òg kalla Nazi-Tyskland) er ei nemning på det nazistisk styrde Tyskland i tida 193345. Riket vart leidd av diktatoren Adolf Hitler, som fekk tittelen «Føraren» (Der Führer). «Det tredje riket» (ty. Das dritte Reich) refererer til det tysk-romerske riket som «Det første riket», og det tyske keisarriket som «Det andre riket».

Nazi-Tyskland i 1939 etter innlemminga av Böhmen, Mähren og Austerrike

Tysk historie

Det tyske flagget

På sitt aller største, i 1942 strekte det tredje riket seg frå Frankrike i vest til Volga, grensa til Asia, i aust, og frå Noreg i nord til ørknane i nord-Afrika. På det tidspunktet var verda inne i dei kanskje aller viktigaste dagane av andre verdskrigen, med slag som skulle komme til å avgjera framtida både i Afrika og kanskje aller viktigast i Stalingrad.

Fleire og fleire tyskarar la ned liva sine for Hitler og det 3. riket sin kamp for utviding og rasereinsing, men kampen vart heile tida hardare, ettersom dei allierte voks seg sterkare og sterkare. I 1945 tapte nazistane krigen og Tyskland vart okkupert og delt inn i fire soner: ei sovjetisk, ei fransk, ei storbritannsk og ei USA-amerikansk. Okkupasjonen heldt fram til 1949, då den sovjetiske sona vart omgjord til Den tyske demokratiske republikken (Aust-Tyskland) og dei tre andre sonene til Forbundsrepublikken Tyskland (Vest-Tyskland).

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.