Det samiske flagget
From Wikipedia, the free encyclopedia
Det samiske flagget er flagget til den samiske nasjonen og er felles for samar i alle land. Det vart godkjent av den 13. nordiske samekonferansen, 15. august 1986. Flagget er halde i dei tradisjonelle samiske fargane, grønt, gult, raudt og blått. Det har ein sirkel som symboliserer både sola (raud) og månen (blå).
Den samiske kunstnaren Astrid Båhl frå Troms utforma flagget, inspirert av runebomma og diktet «Paiven parneh» («Beaivvi bártnit») av sørsamen Anders Fjellner (1795–1876).