From Wikipedia, the free encyclopedia
Det nasjonale gjennombrotet viser til eit nytt medvit om og interesse for norsk kultur og identitet på 1840- og 1850-talet. Omgrepet blei laga av Moltke Moe i 1890-åra og lagt fram gjennom førelesingsserien Det nationale gjennembrud og dets Mænd.
Det nasjonale gjennombrotet heng saman med eit aukande medvit om nasjonal kultur, og blir gjerne knytt til nasjonalromantikken. Ein fatta særleg interesse for norsk bondekultur og brukte dette som inspirasjon for «høgkultur». Kjende figurar frå denne tendensen er folkeeventyrsamlarane Asbjørnsen og Moe, kunstmålarane Tidemand og Gude (som ofte arbeida saman på same målarstykket) og musikarane og komponistane Edvard Grieg og Ole Bull.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.