Hellas i antikken
From Wikipedia, the free encyclopedia
Antikkens Hellas eller den greske antikken[1] er den perioden i gresk historie som femner mykje av Middelhavs- og Svartehavsbassenga og som varte i om lag tusen år, frå om lag år 1000 fvt.[2] til kristendomen kom. Perioden blir av dei fleste historikarane sedd som grunnleggjarkulturen i den vestlege sivilisasjonen. Gresk kultur var ein stor innverknad på Romarriket, som bar ein versjon av han til mange delar av Europa.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/88/View_of_the_Acropolis_Athens.jpg/320px-View_of_the_Acropolis_Athens.jpg)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/a9/Griechischen_und_ph%C3%B6nizischen_Kolonien.jpg/640px-Griechischen_und_ph%C3%B6nizischen_Kolonien.jpg)
Sivilisasjonen til dei gamle grekarane har hatt stor innverknad på språket, politikken, utdanningssystema, filosofien, vitskapen, kunsten og arkitekturen i den moderne verda, kveikte renessansen i Vest-Europa og kom opp att under ymse ny-klassiske periodar på 1700- og 1800-talet i Europa og Amerika.
«Den greske antikken» er termen bruka for å skildre den gresk-språklege verda i antikken. Termen refererer ikkje berre til den geografiske halvøya som er det moderne Hellas, men òg til område med hellensk kultur som vart folkesette i antikken av grekarar: Kypros og Egeear-øyane, kysten av Egearhavet kalla Anatolia (da kjend som Ionia), Sicilia og Sør-Italia (kjende som Stor-Hellas), og dei spreidde greske busettingane på kysten av Illyria, Thrakia, Egypt, Cyrenaica, Sør-Frankrike, aust og nordaust på den iberiske halvøya, Iberia og Taurica.