From Wikipedia, the free encyclopedia
Livshjulet er eit bilete innan buddhismen som viser mønsteret for samsara, det forgjengelege jordelivet. Hjulet er særleg kjend frå tibetansk buddhisme. Det kan òg kallast dharmahjulet, lovhjulet, gjenfødingshjulet, samsarahjulet eller lidingshjulet. Det blir òg kalla chakra, frå sanskritordet som tyder 'hjul'.
Sjølve hjulet blir halde opp av Jama, dødsguden, som har makt over alt som lever. I dei to øvre hjørna sit alltid to figurar eller symbol, til dømes ein måne, ein buddha eller ein bodhisattva.
Den ytre sirkelen viser ein kjede med tolv ledd som viser årsaka til at me lever eit liv fylt av karma og dermed òg samsara.
Dei tolv ledda er
Innanfor dette finst framtredande framstillingar av dei seks sfærane (rika) der dei ulike skapningane høyrer heime: Gudane, halvgudane, menneska, dyra, dei svoltne spøkelsa, og demonane. Ein boddhisattva passar på kvart rike.
Det finst to karmavegar, ein svart til høgre som viser korleis dårleg karma fører til gjenføding på eit lågare nivå, og ein kvit til venstre som viser korleis god karma fører til gjenføding på eit høgare nivå.
I midten av livshjulet jagar ein gris, ein hane og ein slange etter kvarandre. Desse dyra står for negative eigenskapar som dannar grunnlaget for karma og dermed bind oss til livet på jorda: uvit, attrå og hat.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.