![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/3b/Chimanimani_Zimbabwe1_var.jpg/640px-Chimanimani_Zimbabwe1_var.jpg&w=640&q=50)
Det austafrikanske høglandet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Det austafrikanske høglandet er ei fjellkjede aust i Zimbabwe og ein av fire særskilde fysikografiske regionar i Afrika.
Det austafrikanske høglandet | |||
fjellkjede | |||
Land | ![]() ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Det austafrikanske høglandet 18.723°S 32.842°E / -18.723; 32.842 | |||
Wikimedia Commons: Eastern Highlands, Zimbabwe | |||
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/3a/Eastern_higlands_fromnyanga.jpg/640px-Eastern_higlands_fromnyanga.jpg)
Fjella dannar den austlege grensa i Zimbabwe mot Mosambik og består av tre fjellgrupper
- Nyanga (i nord) med det høgaste fjellet i Zimbabwe, Mount Nyangani, det nest høgaste fossefallet i Afrika, Mutarazi Falls og Hondedalen som fører inn i Mosambik.
- Bvumbafjella, sentralt plassert nær byen Mutare
- Chimanimani i sør.
Desse regionane er eit tynt folkesett høglandsområde dekt med frodige grassletter og skogar.
Høglandet har eit kjøligare og våtare klima enn andre delar av Afrika med meir nedbør, lågt skydekke og mykje tåke og dogg skapt av fukta ført inn frå Indiahavet. Mange elvar spring ut i desse fjella, som dannar eit vasskilje mellom vassdraga til Zambezi og Save.
Den fysiografiske regionen består av Den austafrikanske rifta og abessinske fysiografiske provinsar, og er ein lde av den lange fjellrekkja som går langs Aust-Afrika og deler mykje av dei same plantene og dyrelivet som andre fjellområda aust på kontinentet.