Deon Hemmings
From Wikipedia, the free encyclopedia
Deon Hemmings (fødd 10. september 1968) er ein jamaicansk tidlegare friidrettsutøvar frå Saint Ann Parish som i 1990-åra og tidleg 2000-tal tilhøyrde verdseliten på 400 meter hekk. Åra 1992-2001 kvalifiserte ho seg til alle åtte OL- og VM-finalane på langhekken. Ho vart olympisk meister i 1996, og tok òg OL-sølv, VM-sølv og to VM-bronsar i øvinga. Dessutan vann ho OL-sølv og VM-bronse i 4 x 400 m stafett med Jamaica.
Kjappe fakta
Deon Hemmings | |
Statsborgarskap | Jamaica |
Fødd | 9. oktober 1968 (55 år) Saint Ann Parish |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Samveldeleikane 1994 |
Lukk