![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/52/Turkey_location_map.svg/langnn-640px-Turkey_location_map.svg.png&w=640&q=50)
Belenpasset
From Wikipedia, the free encyclopedia
Belenpasset (tyrkisk Belen Geçidi), òg kjend som Den syriske porten, er ein fjellovergang i Belen i provinsen Hatay sør i det sentrale Tyrkia. Det smale passet gjennom Nurfjella er ei av dei viktigaste rutene frå kystregionen Cilicia til det indre av Syria.
Kjappe fakta Land, Provins ...
Belenpasset | |||
Belen Geçidi | |||
fjellovergang | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Provins | provinsen Hatay | ||
Del av | Belen Pass Nature Park | ||
Fjellkjede | Nurfjella | ||
Høgd | 660 moh. | ||
Koordinatar | 36°28′46.20″N 36°13′55.20″E | ||
Gjennomfartsåre | D817, E91 | ||
![]() Belenpasset 36.4795°N 36.232°E / 36.4795; 36.232 | |||
Lukk
Passet er kanskje mest kjend som staden der Aleksander den store jaga styrkane til Darius III av Persia gjennom etter slaget ved Issus. I vestenden av passet står Jonasøyla, der profeten Jona visstnok ifylgje mytologien vart spytta ut av fisken som svelgde han.
Den 28. juli 1832 fann det stad eit stort slag stad ved passet mellom Det osmanske riket og Egypt, der styrkane til Ibrahim Pasja av Egypt slo osmanarane.