Den store magellanske skya er ein liten galakse og den næraste eksterne galaksen til Mjølkevegen. Han ligg omtrent 170 000 lysår unna og har berre rundt 5–10 % av massen til Mjølkevegen. Han spenner over rundt 8° på den sørlege himmelhalvkula innanfor stjernebileta Gullfisken og Bordet, der han er lett synleg for det nakne auga. Den store magellanske skya er til liks med Den vesle magellanske skya namnsett etter Ferdinand Magellan som observerte dei under ferda hans rundt verda i 1519, men dei var kjende frå før denne datoen. Den fysiske diameteren til Den store magellanske skya er 25 00030 000 lysår.

Thumb
Den store magellanske skya

Den store magellanske skya liknar fyrst på ein irregulær galakse, men har ein sentralstav og kan henda ein spiralarm, so han vert generelt sett klassifisert som ein spiralgalakse. Ein av dei største kjende H II-regionane, Tarantelltåka, ligg i Den store magellanske skya.

Kjelder

  • Denne artikkelen byggjer på artikkelen «Large Magellanic Cloud» s. 222-23 i Philip's Astronomy Encyclopedia utgjeven i 2002.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Den store magellanske skya


Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.