Den pontisk-kaspiske steppa
From Wikipedia, the free encyclopedia
Den pontisk-kaspiske steppa er namnet på eit vidstrekt steppelandskap i området nord for Svartehavet og så langt aust som til Kaspihavet, frå sentrale område av Ukraina gjennom sørvestlege delar av Russland til vestlege område av Kasakhstan. Ho er ein del av den større Eurasiatiske steppa og grensar mot Den kasakhstanske steppa i aust.
Området omfattar Skytia og Sarmatia frå antikken.
Uttrykket den ponto-kaspiske regionen vert nytta i biogeografi for planter og dyr på desse steppene og om dyr frå Svartehavet, Kaspihavet og Azovhavet.