flaggmønster knytt til flagga i dei skandinaviske landa From Wikipedia, the free encyclopedia
Nordisk krossflagg, nordisk kross eller skandinavisk kross er eit flaggmønster knytt til flagga i dei skandinaviske landa, der dette mønsteret oppstod. Krossen symboliserer kristendommen, og det ligg sidelengs, med krossendane heilt ut til endane av flagget. Nordiske krossflagg skil seg frå andre flagg med kross ved at den vertikale stripa i krossen er skoven ut mot flaggstonga.
Det første flagget med denne utforminga var det danske Dannebrog i raudt og kvitt, som elles er det eldste nasjonalflagget i verda. Deretter følgde Sverige med gult og blått flagg. Under Kalmarunionen fanst eit riksbanner som er blitt skildra som ein raud kross på eit gult felt.[1] Seinare fekk Noreg, Finland, Island og enkelte undernasjonale einingar i nordiske land, eller område med norrøn påverknad, krossflagg. Det norske flagget var det første nordiske krossflagget med tre fargar. Sjølv om mange flagg bruker det same mønsteret, har dei ulik historie og ulik symbolikk.
Mange område på dei britiske øyane vart koloniserte av nordmenn og danskar i vikingtida. Mange har vist tilknytinga til Skandinavia ved å velje seg flagg tufta på tradisjonen med nordiske krossflagg.
Det engelske flagget er ein raud kross på kvit botn, men den vertikale stripa står midt på flagget, ikkje til eine sida slik dei nordiske krossflagga gjer.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.