![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d7/Rafael_Casanova_11_Setembre.jpg/640px-Rafael_Casanova_11_Setembre.jpg&w=640&q=50)
Den katalanske nasjonaldagen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Den katalanske nasjonaldagen vert i Catalonia feira den 11. september, til minne omleiringa av Barcelona i 1714, som innbyggjarane tapte under den spanske arvefølgjekrigen. Som straff for at dei hadde støtta den habsburgske erkehertug Karl om trona til Spania, vart institusjonar og landområde i Krona Aragon avskaffa av det sigrande Bourbon-monarkiet.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d7/Rafael_Casanova_11_Setembre.jpg/640px-Rafael_Casanova_11_Setembre.jpg)
I 1980 erklærte det nye sjølvstendige styret i Catalonia 11. september som den katalanske nasjonaldagen.
Organisasjonar og politiske parti legg tradisjonelt ned blomar ved monumenta til Rafael Casanova og general Moragues for kampane deira mot Bourbon-armeen.