From Wikipedia, the free encyclopedia
Den indiske frigjeringsrørsla omfattar ulike grupper, leiarar og ideologiar knytt til lausrivinga av Britisk India frå Det britiske imperiet. Rørsla byrja som eit forsøk på å oppnå meir sjølvstyre for indarar, men utvikla seg til å gjera krav på sjølvstende, og enda med delinga av kolonien og opprettinga av Pakistan og India i midten av august 1947. Ulike verkemiddel, frå valdeleg opprør til ikkje-valdelege strategiar som boikottar og sivil ulydnad, blei tekne i brukt under kampen. Rørsla hadde også mykje å seia for gjenreisinga av indisk kultur etter anglifiseringa av delar av det indiske samfunnet.
Den best kjende personen frå frigjeringsrørsla er truleg Mahatma Gandhi, som utvikla livshaldninga si satyagraha som framtredande leiar av fridomsrørsla. Andre kjende namn er Jinnah og Nehru, dei to første leiarane av Pakistan og India.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.