Den fransk-prøyssiske krigen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Den fransk-prøyssiske krigen var ein krig frå 1870 til 1871 mellom Frankrike og Det nordtyske forbundet leidd av Preussen, der dei sørtyske statane Baden, Bayern, Hessen og Württemberg deltok. Krigen enda med ein overveldande siger for Tyskland og store tap av land, verdiar og prestisje i Frankrike. Krigen hadde også store politiske og internasjonale følgjer.
Krigen medførte at styret til keisar Napoleon III av Frankrike blei erstatta av den tredje franske republikken, medan Tyskland blei samla under prøyssisk leiing. Pariskommunen, oppretta for å kjempa mot dei tyske invasjonsstyrkane, førte til ein slags revolusjonær borgarkrig mellom parisarar og den franske hæren.