Engelske regentar
Wikimedia-listeartikkel / From Wikipedia, the free encyclopedia
Engelske regentar er ei liste over personar som har hatt stillinga som regent av England eller noko tilsvarande i tida før det sameinte kongariket eksisterte. Den første personen som tok tittelen Rex Anglorum ('konge over engelskmennene', engelsk King of the English) var Offa av Mercia, men tittelen døydde med han. På 800-talet blei kongane av Wessex, som erobra Kent og Sussex frå Mercia i 825, stadig sterkare i høve til dei andre engelske kongedøma. Den ubrotne engelske kongerekkja byrjer tradisjonelt med Egbert av Wessex 829. Alfred den store og sonen hans Edvard den eldre nytta tittelen konge av angelsaksarane (engelsk King of the Anglo-Saxons). Etter at Athelstan hadde erobra Northumbria i 927 tok han tittelen Rex Anglorum. Frå Henrik II kom på trona i 1154 blei tittelen Rex Angliae ('Konge av England', engelsk King of England).
Fyrstedømet Wales blei del av Kongeriket England gjennom Rhuddlanstatuttane frå 1284. I 1301 gav Edvard I tittelen Prins av Wales (engelsk Prince of Wales) til eldstesonen sin, den framtidige Edvard II. Sidan dette har eldstesonen til alle engelske monarkar, bortsett frå Edvard III, hatt denne tittelen.
Etter at Elisabet I hadde døydd utan arvingar i 1603 blei den engelske og skotske krona sameint i personalunion under Jakob VI av Skottland, som blei Jakob I av England. Gjennom ei kongeleg kunngjering kalla Jakob seg sjølv Konge av Storbritannia (engelsk King of Great Britain), men eit slikt kongerike eksisterte ikkje før 1707, då England gjekk i realunion med Skottland gjennom unionsaktene og skipa Det sameinte kongeriket Storbritannien (engelsk United Kingdom of Great Britain).[1] Regentar frå og med skipinga av denne unionen er derfor lista opp på lista over britiske regentar.
Dei to romerske keisarane Marcus Mausaeus Carausius (285–293) og Caius Allectus (293–296), som styrte over den romerske provinsen Britannia, er ikkje med på lista under ettersom dei var pretendentar til den romerske keisartrona og ikkje regentar over eit engelsk rike.