Den anglo-irske traktaten
From Wikipedia, the free encyclopedia
Den anglo-irske traktaten (engelsk Anglo-Irish Treaty, offisielt Articles of Agreement for a Treaty Between Great Britain and Ireland) var ein traktat mellom regjeringa i Storbritannia og den provisoriske regjeringa i Den irske republikken. Med traktaten enda Den irske sjølvstendekrigen, og Den irske fristaten vart oppretta som ein del av Det britiske imperiet. Under Government of Ireland Act 1920 kunne Nord-Irland velja å stå utanfor Fristaten og framleis vera ein del av Det sameinte kongeriket Storbritannia, noko provinsen valde å gjere.
Traktaten vart underskriven den 6. desember 1921 i London av representantar for den britiske regjeringa og utsendingar frå den provisoriske irske regjeringa. Han vart så ratifisert i tre parlament: Dáil Éireann i Den irske republikken, Underhuset i Sør-Irland (som berre var samla denne eine gongen) og Det britiske parlamentet. I Irland var det delte meiningar om traktaten, og han vart vedteken med knapt fleirtal i Dáil. Denne splittinga førte til utbrotet av Den irske borgarkrigen, der sida som var for traktaten til slutt sigra.
Den irske fristaten vart formelt oppretta 6. desember 1922 ved kongeleg proklamasjon, etter at grunnlova til staten var blitt vedteken av den tredje Dáilen og Det britiske parlamentet.