![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/05/Deltawerke-Oosterschelde-Sturmflutwehr_Stra%25C3%259Fe.jpg/640px-Deltawerke-Oosterschelde-Sturmflutwehr_Stra%25C3%259Fe.jpg&w=640&q=50)
Deltaprosjektet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Deltaprosjektet (nederlandsk Deltawerken) er eit vernesystem mot flaum ved stormar og høg vasstand i Nederland i estuara til elvane Rhinen, Maas og Schelde. Dei ulike forsvarsverka ligg i provinsane Zeeland og sør i Zuid-Holland.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/05/Deltawerke-Oosterschelde-Sturmflutwehr_Stra%C3%9Fe.jpg/640px-Deltawerke-Oosterschelde-Sturmflutwehr_Stra%C3%9Fe.jpg)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/9c/Deltawerke-Oosterschelde-Sturmflutwehr_Oosterscheldeseite.jpg/640px-Deltawerke-Oosterschelde-Sturmflutwehr_Oosterscheldeseite.jpg)
Prosjektet vart starta etter den omfattande Nordsjøflaumen i 1953 som kosta over 1800 menneskeliv. I prosjektet inngår fleire demningar og barrièrar i dei mange elvegreinene og vikene i deltaet. Planen vart gjennomført over ein periode på om lag 40 år. Den første ferdige barrièren var Stormvloedkering Hollandse IJssel som stod ferdig i 1958. Den siste delen, Maeslantkering, stod ferdig i 1997.
Under bygginga av dei ulike delane av prosjektet vart ny og unik teknologi teke i bruk. Spesielt gjaldt dette ved bygginga av Oosterscheldekeringen og Maeslantkeringen, som då òg fekk mykje merksemd frå utlandet. American Society of Civil Engineers utropte Deltaprosjektet til eit av dei sju moderne underverka i verda.