![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/5f/Delemont.jpg/640px-Delemont.jpg&w=640&q=50)
Delémont
From Wikipedia, the free encyclopedia
Delémont (tysk Delsberg) er hovudstaden i den sveitsiske kantonen Jura. Kommunen har 11 590 innbyggjarar (2010) og eit areal på 22 km². Kommunesenteret ligg 435 meter over havet.
Meir informasjon Plassering, Styresmakter ...
Delémont | |||
---|---|---|---|
![]() | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | ![]() | ||
Kanton | kantonen Jura | ||
Distrikt | Delémont | ||
Språk | fransk | ||
Borgarmeister | Pierre Kohler | ||
Geografi | |||
Flatevidd - kommune |
22,03 km² | ||
Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
11 590 526,1 /km² | ||
Koordinatar | 47°22′0″N 7°21′0″E | ||
Høgd over havet | 435 moh | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 2800 | ||
Nettstad: www.delemont.ch |
Lukk
Kommunen ligg i ein dal mellom låge fjelltoppar. I kring 43 % av arealet er skog, 38 % er landbruksområde og 18 % er bebygt.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/20/Birse_sorne.jpg/640px-Birse_sorne.jpg)
Delémont ligg 30 km sørvest for Basel, om lag halvvegs mellom Basel og Biel/Bienne. Han strekkjer seg på begge sider av elva Sorne, kort tid før ho munnar ut i Birs på nordsida av Delémontdalen i Jurafjella.
Byane Les Rondez og Les Vorbourgs er ein del av kommunen. Dei omliggande kommunane er Develier, Courtételle, Rossemaison, Courrendlin, Courroux, Soyhières, Mettembert, og Bourrignon.