From Wikipedia, the free encyclopedia
Dei vestfrisiske øyane (nederlands Waddeneilanden) er ei øygruppe i Nordsjøen utanfor kysten av Nederland, som øygruppa er ein del av. Øygruppa held fram austover til dei tyske Austfrisiske øyane.
Frå vest til aust består øygruppa av Noorderhaaks, Texel, Vlieland, Richel, Griend, Terschelling, Ameland, Rif, Engelsmanplaat, Schiermonnikoog, Simonszand, Rottumerplaat, Rottumeroog og Zuiderduintjes.
Øyane Noorderhaaks og Texel er ein del av provinsen Noord-Holland. Øyane Vlieland, Richel, Griend, Terschelling, Ameland, Rif, Engelsmanplaat og Schiermonnikoog er ein del av provinsen Friesland, medan småøyane Simonszand, Rottumerplaat, Rottumeroog og Zuiderduintjes høyrer til Groningen.
Dei frisiske øyane er i dag stort sett mest kjend som ein feriedestinasjon. Det er mogeleg å reise frå øy til øy med dei faste ferjesamband eller med spesialiserte turoperatørar. Sykling er den mest populære framkomstmetoden på øyane. På Vlieland og Schiermonnikoog er bilar berre tillate for dei fastbuande.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.