Dei tolv imamane
Wikimedia-listeartikkel / From Wikipedia, the free encyclopedia
Dei tolv imamane er i tolvar-greinene innan sjiaislam (ithnā-ʿashariyyah) dei tolv spirituelle og politiske etterfølgjarane til profeten Muhammed. Innan sjiaislam trur ein generelt på at imamane var dei rettmessige etterfølgjarar av profeten. Ifølge sjiaislam vart dette bestemt av Gud sjølv, og òg føresagt fleire gonger av Muhammed før han døydde. Imamane vert her rekna for å vera ufeilbarlege (maʿsūm) og for å vera voktarar av islam. Dessutan trur shiaer òg på at imamane veit til den indre meining (bātinn) av Koranen.
Den fyrste imamen, ʿAlī, som òg vert kalla Leiar for dei truande (Amīr all-Muʾn-enīmin), var fetter av profeten og gift med den einaste dottera hans som fekk barn, Fatima.