Dei oksitanske dalane
From Wikipedia, the free encyclopedia
Dei oksitanske dalane (oksitansk Valadas Occitanas, italiensk Valli Occitane, fransk Vallées Occitanes) er ein del av Oksitania (det oksitansk-talande området) som ligg innanfor Italia. Det er eit fjellendt område i dei sørlege Alpane, og dei fleste dalane strekkjer seg frå vest mot aust, nedover mot slettene i Piemonte.
Folketalet er estimert til 174 476 innbyggjarar.
Dei største byane er Lo Borg Sant Dalmatz (Borgo San Dalmazzo), Buscha (Busca) og Draonier (Dronero).
Dei oksitanske språklege enklavane i La Gàrdia (Guardia Piemontese) i Calabria er ikkje ein del av Dei oksitanske dalane.