Dei austlege Alpane er den austlege halvdelen av Alpane og vanlegvis vert grensa rekna for gå aust for Splügenpasset aust i Sveits. Nord for Splügenpasset dannar dei øvste delane av Rhinen grensa og sør for passet er det elva Liro og Comosjøen.
Dei austlege Alpane | |||
Fjellkjede | |||
Piz Bernina (i midten til venstre) med Biancograt til venstre, Piz Scerscen (i midten til høgre) og Piz Roseg (høgre), sett frå Piz Corvatsch Foto: Daniel Schwen | |||
Land | Sveits, Austerrike Liechtenstein, Tyskland Italia, Slovenia | ||
---|---|---|---|
Del av | Alpane | ||
Grensar til | Wienerwald | ||
Høgaste punkt | Piz Bernina | ||
• høgd | 4 049 moh. | ||
- koordinatar | 46°22′56.6″N 9°54′29.2″E | ||
Dei austlege Alpane 47°N 12°E | |||
Wikimedia Commons: Eastern Alps | |||
Dei austlege Alpane inneheld delar av Sveits, det meste av Austerrike og Liechtenstein, i tillegg til sørlege delar av Tyskland, nordlege område i Italia og Slovenia. Den austlege grensa er Wienerwald og Wien-bekkenet, som er ei overgangssone til Karpatane.
Dei austlege Alpane vert vanlegvis igjen delt inn i fleire mindre område, som kvar er ein del av Dei nordlege kalksteinsalpane, Dei sentrale Alpane og Dei sørlege kalksteinsalpane.
Det høgaste fjellet i Dei austlege alpane er Piz Bernina (4 049 m) i Sveits. Bortsett frå andre toppar i Berninakjede er det nest høgaste fjellet Ortler (3 905 m) i Italia og Sør-Tyrol og så Großglockner (3 798 m) i Austerrike.
Under Weichsel-istida var Dei austlege Alpane tørrare enn Dei vestlege Alpane og det kontinuerlege isdekket enda ved Niedere Tauern i Austerrike. Dette gjorde at fleire artar klarte å overleve istida i Dei austlege Alpane, som ikkje overlevde andre stader. Dermed finn ein mange endemiske planter i Dei austlege Alpane.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.