From Wikipedia, the free encyclopedia
Dei austfrisiske øyane (tysk: Ostfriesische Inseln) er ei rekkje øyar, som er ein del av Dei frisiske øyane, i Nordsjøen utanfor kysten av Niedersachsen i Tyskland.
Dei sju busette øyane er, frå vest til aust: Borkum, Juist, Norderney, Baltrum, Langeoog, Spiekeroog og Wangerooge. Borkum høyrer til Landkreis Leer; Juist, Norderney og Baltrum er ein del av Aurich; Langeoog og Spiekeroog høyrer til Wittmund (i nærleiken av Dose); og Wangerooge er ein del av Friesland.
To øyar er ikkje busett, Memmert sør for Juist, og Mellum aust for Wangerooge. Ei anna svært lita øy, Lütjehörn, aust for Borkum, står i fare for å bli vaska bort. I 2003 annonserte det tyske kystforsvaret (NLWK) at sandbanken Kachelotplate òg skulle kallast ei øy, fordi ho ikkje lenger vart oversvømd ved flo sjø. Ho er derimot ikkje større enn 2 km², og vil sjølvsagt ikkje verte busett. Kachelotplate ligg nord for munningen til elva Ems.
Dei fleste øyane er bilfrie. Unntaket er Borkum og Norderney, som er dei mest folkesett av øyane. Det finst ingen bruer som knyter øyane til fastlandet, og kvar øy har ferjesamband.
Borkum og Norderney var to nazistiske arbeidsleirar på Alderney som fekk namn etter øyane.
Øyane og det omliggande området er ein del av Schleswig-Holsteinisches Wattenmeer nasjonalpark.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.