Dedovsk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Dedovsk (russisk Де́довск) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 30 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 38 km vest for Moskva og 30 km søraust for Istra.
Kjappe fakta Plassering, Styresmakter ...
Dedovsk Дедовск | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Moskva oblast | ||
Grunnlagd Bystatus |
1911 1940 | ||
Geografi | |||
Innbyggjarar - Totalt (2008) |
27 809 | ||
Koordinatar | 55°52′N 37°08′E | ||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Retningsnummer (tlf) | 49631 |
Lukk
Dedovsk vart først nemnt som landsbyen Dedovo (russisk: Де́дово) i 1573. På 1700-talet vart landsbyen til ein større busetnad. I 1913 vart ein tekstilfabrikk bygt i området, noko som skulle avføde busetnaden Dedovskij (russisk: Де́довский) og absorbere landsbyen Dedovo. I 1940 fekk staden bystatus med namnet Dedovsk.