From Wikipedia, the free encyclopedia
Deborah Compagnoni (fødd 4. juni 1970) er ein italiensk tidlegare alpinist frå Bormio som vann tre OL-gull og like mange VM-gull i tida 1992-98.
Deborah Compagnoni | |
Statsborgarskap | Italia |
Fødd | 4. juni 1970 (54 år) Bormio |
Idrett | alpint |
Tok del i | Alpint under Vinter-OL 1992 – Super-G kvinner, Alpint under Vinter-OL 1994 – Storslalåm kvinner, Alpint under Vinter-OL 1998 – Storslalåm kvinner, Alpint under Vinter-OL 1998 – Slalåm kvinner |
Utmerkingar | Gullkraven for sportslig fortjenste, Gazzetta Sports Awards, Gazzetta Sports Awards, Gazzetta Sports Awards |
Compagnoni vann sitt fyrste verdscuprenn i slutten av januar 1992, då ho sigra i eit super-G-renn i Morzine i Frankrike. Tre veker vart ho olympisk meister i same øvinga, då ho i Albertville vann ein suveren siger, heile 1,41 sekundar føre sølvvinnar Anita Wachter frå Austerrike.
Også under OL 1994 på Lillehammer vart ho olympisk gullmedaljør, men då i storslalåm. Som i Albertville vann ho ein overlegen siger, ho hadde 1,21 sekundar til gode på toaren Martina Ertl frå Tyskland.
Compagnoni vart verdsmeister i storslalåm i 1996 i Sierra Nevada. Året etter, under VM 1997 i Sestriere, forsvarte ho storslalåmtittelen, og tok i tillegg gullmedaljen også i slalåm-tevlinga.
Under OL 1998 i Nagano vart Compagnoni olympisk meister i sitt tredje rake vinter-OL. Ho vann då gullmedaljen i storslalåm, hennar fjerde siger på rad i den øvinga i dei store meisterskapane. Dessutan sikra ho seg OL-sølv i slalåm.
Compagnoni vart nummer fire i verdscupen i alpine greiner både i 1997 og 1998. I 1997 erobra ho pokalen som beste storslalåmrennar i verdscupen. Frå januar 1992 til januar 1998 vann ho i alt 16 renn i verdscupen, 13 av dei i storslalåm. Ho la opp etter 1999-sesongen.
Ho er gift forretningsmannen Alessandro Benetton.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.