![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/f4/David_mitchell.jpg/640px-David_mitchell.jpg&w=640&q=50)
David Mitchell
From Wikipedia, the free encyclopedia
David James Stuart Mitchell (fødd 14. juli 1974) er ein britisk skodespelar, komikar og skribent. Han er eine halvparten av komikarduoen Mitchell og Webb, saman med Robert Webb.
David Mitchell | |||
![]() | |||
Fødd | 14. juli 1974 (49 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Salisbury | ||
Fødenamn | David James Stuart Mitchell | ||
Aktive år | 1995– | ||
Verka som | skodespelar, fjernsynsskodespelar, programleiar, radioprogramleiar, sjølvbiograf, komikar, skribent, filmskodespelar, manusforfattar | ||
Ektefelle | Victoria Coren |
Mitchell møtte Webb ved Universitet i Cambridge. Dei var begge med i Cambridge Footlights, der Mitchell vart president. Duoen er saman i komiserien Peep Show som går på Channel 4. Mitchell vann The British Academy Television Award for Best Comedy Performance i 2009 for sitt bidrag i denne serien. Duoen har skrive og spelt saman i mange sketsjshow, mellom anna The Mitchell and Webb Situation, That Mitchell and Webb Sound og That Mitchell and Webb Look. Mitchell og Webb var og i den britiske versjonen av Apple sin reklamekampanje Get a Mac. Deira fyrste film, Magikarane (Magicians), der Mitchell spelte den tradisjonelle magikaren Harry, kom ut i 2007.