Daily Mirror

From Wikipedia, the free encyclopedia

Daily Mirror

The Daily Mirror, òg kalla The Mirror, er ei av dei større avisene i Storbritannia. Ho vart grunnlagd den 2. november 1903 av Alfred Harmsworth (seinare Lord Northcliffe), som på den tida også var eigar av Daily Mail, som «the first newspaper for gentlewomen». Avisa hadde kvinneleg redaktør, og innhaldet hadde minimalt med nyhende. Satsinga på damer vart ein stor fiasko, og avisa blei omlansert som The Daily Illustrated Mirror i 1904 med ein mannleg redaktør. På den tida låg hovudkvarteret til avisa i Carmelite Street i London.

Kjappe fakta Land, Type ...
Daily Mirror

LandStorbritannia
TypeDagsavis
FormatTabloid
Grunnlagd2. november 1903
EigararTrinity Mirror
Redaktør(ar)Lloyd Embley
Sjefredaktør(er)Alison Phillips
SpråkEngelsk
Politisk posisjonLabour Party
Opplag1 083 938 (March 2012)
HovudkvarterOne Canada Square, London, United Kingdom
ISSN0307-0204
OCLC223228477
Nettstadwww.mirror.co.uk
Lukk

Avisa tilsette fotojournalistar som oppsøkte dramatiske hendingar med ordre om å senda biete heim til London uansett kostnad og hindringar. Etter kvart fekk avisa rykte på seg som ei sterk nyhendeavis med særs god dekning med bilete, men vart også kritisert for sine journalistiske metodar. I 1914 passerte opplaget 1 million.

Tydinga til avisa minka under leiinga til Lord Rothermere, bror av grunnlegjaren, som i mellomkrigstida støtta fascistiske rørsle i Storbritannia. Mot slutten av 1930-talet overtok Harry Bartholomew som direktør, og profilen til avisa vart omlagt til «sex, krim og sport». Under krigen markerte avisa si støtte til den meinige soldat og husmora, og næra seg idologisk Labour Party. Etter krigen gjekk avisa gjennom ein ny gullalder, med over 4 millionar eksemplar i 1949. Under styret til Cecil Harmsworth King gjekk avisa nye vegar i typografi og layout, framleis med stor vekt på bilete, sterke overskrifter og slåande framsider. King sørgde òg for å styrke avisa gjennom å bli medlem i medieselskapet International Publishing Corporation (IPC).

På 1970-talet prøvde avisa å ta opp konkurransen med Rupert Murdochs nyoppstarta The Sun, og bytta ut mykje av nyhendejournalistikken med tabloidinnhald om kongehuset og såpeseriar. Etter kvart vart avisa skydd av seriøse skribentar og lesarar. I 1991 flytta avisa hovudkvarteret ut av sentrum, til Isle of Dogs. Avisa har framleis den tabloide uttryksmåten, men har etter tusenårsskiftet i større grad prioritert dekning av politikk og utanriksstoff enn på 1900-talet.


Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.