![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/56/DS_Lyra_%25281905%2529.jpg/640px-DS_Lyra_%25281905%2529.jpg&w=640&q=50)
DS «Lyra» (1905)
norsk hurtigruteskip frå 1905 / From Wikipedia, the free encyclopedia
DS «Lyra» (kallesignal MCDJ) var eit hurtigruteskip som vart overlevert Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) i januar 1905. Skipet var byggnummer 129 ved Bergens Mekaniske Værksted i Bergen, og kosta 310 229 kroner. Etter overleveringa vart skipet sett inn i fast rotasjon i hurtigruten. I desember 1913 vart det selt til Tyrkia og omdøypt DS «Biga». I 1915 vart skipet torpedert i Marmarahavet av britane og sokk.
- Denne artikkelen handlar om hurtigruteskipet frå 1905. For skipet frå 1912 med same namn, sjå DS «Lyra» (1912).
Meir informasjon Karriere, Noreg ...
![]() | |
Karriere | ![]() |
---|---|
Namn: | DS «Lyra» |
Eigar: | Det Bergenske Dampskibsselskab |
Verft: | Bergen mekaniske verksted, Bergen |
Byggekostnad: | 310 229 kr |
Verftsnummer: | 129 |
Jomfrutur: | Januar 1905 |
Heimehamn: | Bergen |
Kjennemerke: | MCDJ |
Karriere | ![]() |
Namn: | DS «Biga» |
Eigar: | The Ottoman Steam Navigation Corp. |
Kjøpt: | Desember 1913 |
Heimehamn: | Konstantinopel, Tyrkia |
Lagnad: | Torpedert 10. juli 1915 |
Generelle mål | |
Tonnasje: | 784 brt, 469 nrt |
Daudvekt: | 454 tdw. |
Lengd: | 56,7 m |
Breidd: | 8,5 m |
Djupgang: | 6,9 m |
Installert effekt : | 750 iHk |
Framdrift: | Triple 3 cyl. ekspansjon dampmaskin (Bergen mek. Verksted, Bergen) |
Fart: | 11,5 knop |
Passasjerar: | 230 passasjerar |
Mannskap: | 27 (1907) |
Lukk
Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Lyra er eit stjernebilete.