DS «Bergen» (1873)
norsk dampskip, bygd for Nederland From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Remove ads
DS «Bergen» (kallesignal JVRT) var eit dampskip levert i februar 1873 som lasteskip for D. Burger & Zoon i Rotterdam i Nederland. I 1883 hamna skipet i Noreg hos Claus Eilertsen m. fl. i Bergen, og var sidan under fleire forskjellige reiarlag, mellom andre ein kort periode hos Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) i 1908-1909. ¨
Remove ads
Historie
Skipet vart bygd ved Coulson, Cook & Co. i Newcastle i Storbritania og levert til D. Burger og Zoon i Rotterdam i februar 1873.
I august 1883 vart skipet selt til Claus S. Eilertsen m.fl. i Bergen. I 1885 vart Joh. Ameln eigar før det i 1888 hamna hos Johan C. Giertsen i Bergen. Han selde skipet vidare i oktober 1893 til Vestlandske Lloyd ved Erik Rusten i Bergen, som hadde skipet i fleire år. Det Bergenske Dampskibsselskab kjøpte i februar 1908 skipet for ein 54 276 kroner. Skipet vart ikkje verande lenge hos BDS, og alt i juli 1909 vart det selt til A/S D/S Ryvingen (Bernhard Amundsen, seinare Thv. Joh. Kyvig) i Haugesund.
12. desember 1910 grunnstøytte skipet ved Newton på austkysten av England på reise frå Altona til Dysart i ballast.
Remove ads
Skipet
Tonnasjen til skipet var ved levering 386 bruttoregistertonn og 230 nettoregistertonn og lasteevna var 500 dødvekttonn. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tosylinda compound dampmaskin, levert av Thompson, Boyd & Co i Newcastle. Oppgjeven yting var 200 iHk (indikerte hestekrefter) og 50 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart 8 knop.
Sjå òg
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads