DJ Falk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Jarle Falk Reiss (fødd 16. april 1967), betre kjend som DJ Falk, er ein norsk discjockey, songar, og låtskrivar. Han er mest kjend for sine sceneshow med laserar og sine remixar, mest kjend er kanskje ein remix han har gjort av «Children» av Robert Miles.
DJ Falk | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. april 1967 (57 år) Lørenskog |
Yrke | songar, låtskrivar, DJ, filmskaper |
Sjanger | house |
Medlem av | The Arctic Dance Experience |
DJ Falk på Commons |
DJ Falk er fødd i Lørenskog kommune og seinare busett på Stokmarknes i Hadsel. Han har vore profesjonell internasjonal DJ sidan 1987, og spela frå Warszawa i sør til Longyearbyen i nord. DJ Falk har spela alle slags stader, frå små klubbar til store hallar/arenaer, og hans største publikum til no, var på over 6000 menneske.
I september 1996 vart hans Trance/Dance konsept The Arctic Dance Experience starta opp, under ein spelejobb på Huset i Longyearbyen på Svalbard. Hans musikkstil er som han sjølv seier, ei følgje av Svalbardnaturen og det inntrykket Operafjellulykka, som hende nokre veker før han kom til Longyearbyen, fekk på han.
I 2007 og 2008 hadde han lasershow i Vesterålshallen, under Lofoten og Vesterålens største dataparty, LoVe-Lan.