From Wikipedia, the free encyclopedia
Cystisk fibrose (CF), òg kalla mucoviscidose, er ein autosomalt recessiv, arveleg eksokrin kjertelsjukdom som påverkar lunger, biholer, sveittekjertlar og fordøyelsessystemet og fører til kroniske andedretts- og fordøyelsesproblem.
Cystisk fibrose vart først skildra som ein sjukdom seint i 1930-åra av Dorothy Hansine Andersen. Det er den vanlegaste genetiske sjukdommen blant folk med europeiske forfedrar. Om lag 1 av 25 personar av europeisk opphav er berar av ein cystisk fibrose-mutasjon – dei har eitt vanleg gen og eitt CF-gen. Sidan cystisk fibrose er eit recessivt gen, må ein ha båe CF-genutgåvene for å få symptoma som eitt av 2500 born får. Den høge førekomsten av dette dødelege genet kan forklarast med at CF berarar som ikkje viser teikn til symptom stort sett er motstandsdyktige mot sjukdommen kolera, fordi det ekstreme vasstapet i tarmane blir hindra. Folk frå stader der kolera ikkje er eit problem viser ein lågare førekomst av CF. Genetisk rådgjeving og genetisk testing er tilrådd for familiar som kan vera berarar av cystisk fibrose.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.