Croagh Patrick
fjell i Irland / From Wikipedia, the free encyclopedia
Croagh Patrick er eit fjell i County Mayo i Republikken Irland. Fjellet er 764 meter høgt og er ein viktig pilegrimsstad. Det ligg 8 km frå Westport ovanfor landsbyane Murrisk og Lecanvey. Den siste søndagen i juli kvart år klatrar over 25 000 pilegrimar til toppen av fjellet, mange av dei berrføtt. Fjellet dannar den sørlege delen av ein udal danna av ein isbre ut mot Clew Bay under den siste istida. Croagh Patrick er ein del av ein lengre aust-vest-orientert rygg. I vest ligg fjellet Ben Goram. Croagh Patrick har fått namnet sitt frå det irske Cruach Phádraig (St. Patrick-fjellet). I Ulster-annalane vert fjellet omtalt som Cruachán Aigle (Ørnefjellet) i 1113.
Croagh Patrick | |||
fjell | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Område | Mayo | ||
Fjellkjede | Twelve Bens | ||
Høgd | 764 moh. | ||
Primærfaktor | 640 m | ||
Koordinatar | 53.760047°N 9.659536°W / 53.760047; -9.659536 | ||
![]() Croagh Patrick 53.7595°N 9.6584°W / 53.7595; -9.6584 | |||
Wikimedia Commons: Croagh Patrick | |||
Ein fløts med gull vart oppdaga på fjellet i 1980-åra, om lag 14 gram per tonn i minst 12 kvartsårer. Dette kunne gjeve om lag 700 000 tonn med gullmalm. Lokale styresmakter valde derimot å ikkje grave det ut og avgjorde at gullet «låg fint der det låg».