Creative Commons
From Wikipedia, the free encyclopedia
Creative Commons er ein organisasjon som har som mål å gjera det enklare å spreia kultur ved å gjera fleire litterære og kunstnariske verk lovleg tilgjengelege for kopiering og endring. For å gjera dette har dei etablert ein mellomting mellom tradisjonell opphavsrett og offentleg eigedom.
Kjappe fakta Type, Skipa ...
Creative Commons | |||
| |||
Type | ideell organisasjon | ||
---|---|---|---|
Skipa | 15. januar 2001 | ||
Hovudkontor | Mountain View | ||
Verkeområde | verdsfemnande | ||
Tenester | Creative Commons-lisens | ||
Omsetjing | 3 267 812 US-dollar (2019) | ||
Donasjonar | 2 736 370 US-dollar (2019) | ||
Tilsette | 147 | ||
Motto | Creative Commons develops, supports, and stewards legal and technical infrastructure that maximizes digital creativity, sharing, and innovation. | ||
Nettstad | https://creativecommons.org/ |
Lukk
Organisasjonen har mellom anna stått for utviklinga av ei rekke lisensar som ein opphavsrettshaldar kan bruka til å avgrensa opphavsretten sin så mykje han vil. Lisensane er formulerte på eit enkelt språk og markerte med logoar med peikarar til ein meir detaljert omtale. Dei blei opphavleg utforma med tanke på rettssystemet i USA, men internasjonale medlemmer frå fleire land har òg prøvd å tilpassa dei til sine rettsområde.