Coverdale and Page
From Wikipedia, the free encyclopedia
Coverdale and Page var eit samarbeid mellom tidlegare Whitesnake- og Deep Purple-songar David Coverdale og tidlegare Led Zeppelin-gitarist Jimmy Page. Dei starta å spele i lag i 1991 og gav ut albumet Coverdale and Page i 1993. Dei gav òg ut fem singlar.
Coverdale and Page | |||
Opphav | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1991–1993 | ||
Sjanger | Hardrock, bluesrock, heavy metal | ||
Tilknytte artistar | Led Zeppelin, Whitesnake, Deep Purple, Page and Plant | ||
Plateselskap | EMI (Storbritannia) Geffen (USA) | ||
Tidlegare medlemmer | David Coverdale Jimmy Page Denny Carmessei Ricky Phillips |
Det har vorte indikert at Page samarbeidde med Coverdale for ergre Robert Plant, tidlegare songar i Led Zeppelin, som fram til då var motvillig til å spele i lag med Page igjen.[1] I intervju på denne tida hadde Plant ein viss tendens til å latterleggjere Coverdale.[2] Rykte ville ha det til at Coverdale og Page ville gjenforeine Led Zeppelin i lag med John Paul Jones og Jason Bonham, men dette vart aldri noko av.
Studioalbumet gav Page den største salssuksessen hans sidan dagane med Led Zeppelin. Etter fleire konsertar i Japan og dårleg bilettsal på den påfølgjande verdsturneen, vart bandet lagt ned. Page slo seg så saman med Plant for «UnLedded» på MTV og Coverdale dukka frå tid til tid opp i Whitesnake.