![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/3a/Monaco_et_Monte-Carlo_vus_depuis_la_corniche_%25C3%25A0_Roquebrune-Cap-Martin%252C_avril_1906_%25285615364641%2529.jpg/640px-Monaco_et_Monte-Carlo_vus_depuis_la_corniche_%25C3%25A0_Roquebrune-Cap-Martin%252C_avril_1906_%25285615364641%2529.jpg&w=640&q=50)
Corniche
From Wikipedia, the free encyclopedia
Corniche er eit opphavleg fransk ord for ein veg som går langsmed ei klippe eller fjellside, der grunne stig på den eine sida av vegen og fell på den andre. Men omgrepet vert òg nytta om vegar som går langs eit hav eller eit vassdrag. Etter denne skildringa har Noreg mange slike vegar, men ordet er, med få unntak, ikkje i bruk utanom den frankofone verda og Det nære austen.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/3a/Monaco_et_Monte-Carlo_vus_depuis_la_corniche_%C3%A0_Roquebrune-Cap-Martin%2C_avril_1906_%285615364641%29.jpg/320px-Monaco_et_Monte-Carlo_vus_depuis_la_corniche_%C3%A0_Roquebrune-Cap-Martin%2C_avril_1906_%285615364641%29.jpg)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/13/Beirut_Corniche%2C_Beirut%2C_Lebanon.jpg/640px-Beirut_Corniche%2C_Beirut%2C_Lebanon.jpg)
Ordet kjem frå det franske route à corniche eller route en corniche.