Conquistador
From Wikipedia, the free encyclopedia
Conquistador (frå spansk 'erobrar') er eit uttrykk som vert nytta om soldatar, oppdagarar og eventyrarar som la store delar av Amerika og nokre øyar i Asia under spansk styre på 1600- og 1700-talet. Då Christofer Columbus oppdaga Den nye verda i 1492 gav det Spania eit forsprang i koloniseringa av Amerika. Conquistadorane nådde òg Aust-Asia på denne tida, der dei erobra øygruppa Filippinane og øya Guam.
Mange av conquistadorane var fattige adelege, hidalgoar, som såg fram til å vinna seg ein formue i den nye, rike verda over havet. Conquistadorane tok tidleg dei gullskattane dei kunne finna, og leita stadig etter meir. Det blei sendt ut fleire ekspedisjonar som leita etter dei gullrike sogebyane Cibola i Nord- og El Dorado i Sør-Amerika, men dei fann anten ingen ting eller mindre enn dei hadde håpa.