![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/7f/Commodus_Musei_Capitolini_MC1120.jpg/640px-Commodus_Musei_Capitolini_MC1120.jpg&w=640&q=50)
Commodus
romersk keisar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Lucius Aurelius Commodus (fødd 31. august 161 i Lanuvium, død 31. desember 192 i Roma) var keisar over Romarriket frå år 180 til 192. Han var den siste keisaren i Nerva-Antonin-dynastiet.
Kjappe fakta
Commodus | |
![]() | |
Statsborgarskap | Romarriket |
Fødd | 31. august 161 Lanuvium |
Død |
31. desember 192 (31 år) |
Yrke | herskar |
Språk | latin |
Føregangar | Marcus Aurelius |
Etterfylgjar | Pertinax |
Religion | romersk religion |
Far | Marcus Aurelius |
Mor | Faustina den yngre |
Ektefelle | Bruttia Crispina |
Partnar | Marcia |
Commodus på Commons |
Lukk
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/13/Imperador_C%C3%B4modo_com_os_atributos_de_H%C3%A9rcules.jpg/640px-Imperador_C%C3%B4modo_com_os_atributos_de_H%C3%A9rcules.jpg)
Kapitolmusea
Commodus la seg ut med dei skrivande elitane og fekk eit så dårlig ettermæle at det ikkje er lett å skilje rykte frå sanning. Sikkert er at han som ung og urøynd einekeisar var meir innstilt på fest og moro enn å ta på seg tyngande styringsplikter, og overlét mykje av styringa til personar som viste seg å misbruke makta.