Kolchis
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kolchis (georgisk კოლხეთი, k'olxeti, gammalgresk Κολχίς) var eit gammalt georgisk kongedøme og ein region[1][2][3][4][5][6] i den vestlege delen av dagens Georgia. Området spelte ei viktig rolle i den etniske og kulturelle danninga av den georgiske nasjonen og undergruppene hans.[7][8]
I gresk mytologi var Kolchis heimen til Det gylne skinnet og Medeia, og var reisemålet til argonautane.
Området til riket blir gjerne rekna for å ha omfatta den vestlege delen av Georgia med provinsane Mingrelia, Svaneti, Racha, Imereti, Guria, Adsjaria og Abkhazeti (Abkhasia), dei russiske områda Sotsji og Tuapse og dei tyrkiske provinsane Rize, Trabzon og Artvin.[9]