From Wikipedia, the free encyclopedia
Col du Lautaret er eit 2.057 m høgt fjellpass i dei franske alpane som knyter saman dalane Oisans og Briançonnais.
Col du Lautaret | |||
---|---|---|---|
Vegen D1091 over Col du Lautaret | |||
Vest | Søraust | ||
Passhøgd | 2 057 m | ||
Département | Hautes-Alpes | ||
Vasskilje | Torrent du Lautaret[1] → Romanche (Rhône) | Guisane → Durance (Rhône) | |
Stader | Le Bourg-d'Oisans | Briançon | |
Samband | D1091 | ||
Fjellområde | Dei franske Alpane | ||
Profil | |||
Stigning (snitt) | 3,4 % (1 337 m / 39,3 km) | 2,7 % (731 m / 27,4 km) | |
Stigning (maks) | 5,9 % (ved km 30) | 5,2 % (ved km 25) | |
Kart | |||
| |||
Koordinatar | 45° 2′ 7″ N, 6° 24′ 18″ A |
Ein kan nå passet frå tre sider. Søraustsida startar i Briançon. Vestsida frå landsbyen Le Clapier ved Le Bourg-d'Oisans er den lengste og tyngste opp. Ved vegen ligg det oppdemte vatnet Lac du Chambon og vintersportstaden La Grave. Frå nord kjem ein til Lautaret frå Saint-Michel-de-Maurienne over Col du Télégraphe (1 566 m), skistaden Valloire og Col du Galibier (2 645 m).
Vegane til Col du Lautaret er nesten kvart år i bruk under Tour de France. Fritidssyklistar kan nå fleire pass frå Col du Lautaret: Col du Galibier, Col de la Madeleine (2 000 m), Col du Glandon (1 924 m), Col de la Croix-de-Fer (2 067 m) og Col d'Izoard (2 360 m). Lautaret høyrer til Hautes-Alpes og utgjer forbindelsen med Isère og Savoy.
Nordvest for passhøgda ligg alpinumet Station Alpine Joseph Fourier som blei bygd i 1899.[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.