From Wikipedia, the free encyclopedia
Clitheroe er ein by i Lancashire i England. Han ligg i den sørlege utkanten av Forest of Bowland, og fungerer som base for mange turistar som kjem til området. Byen er administrasjonssenter for distriktet Ribble Valley. Byen ligg svært nær det geografiske senteret i Storbritannia i landsbyen Dunsop Bridge.
Clitheroe | ||
---|---|---|
Sentrum | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Lancashire | |
Distrikt | Ribble Valley | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
14 697 | |
Koordinatar | 53°52′N 2°23′W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | BB7 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1200 | |
Clitheroe Castle er eit av dei minste normanniske festningshusa i landet. Det står på ei kalksteinsklippe over byen, og er eit av dei eldste bygga i grevskapet. Det er òg den einaste bevarte festninga i Lancashire som hadde ein rojalistisk garnison under den engelske borgarkrig. Holet i sidan vart laget i 1649 slik at det ikkje skulle vere mogeleg å bu der, dermed trong ikkje staten å ha ein garnison der, og eventuelle opprørarar kunne ikkje ta kontroll over det.
Det er stor industriaktivitet i byen, der selskap som Ultraframe, Castle Cement, Tarmac og Johnson Mattey har fabrikker.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.